Voss Trafikkskule på Voss består av 5 engasjerte køyrelærarar som gler seg til å ta imot nye elevar.
Køyreopplæringa føregår i gode, sikre og lettkøyrde bilar. Med kvalitet i fokus har Voss Trafikkskule som mål å læra elevane til å bli dyktige sjåførar med god innsikt i teori og køyring i trafikken. Ved endt opplæring skal eleven kjenna seg trygg i trafikken på eiga hand.

Denne nettstaden passar for deg som vil byrja med køyreopplæring eller for deg som vil "friska opp" køyrekunnskapen. Her har me samla det du treng å vita om vegen til førarkortet og dei ulike klassane Voss Trafikkskule tilbyr. Du finn også lenker til teoriprøvar på nett, samt informasjon du vil ha nytte av.

Ta gjerne kontakt om du ikkje finn svar på det du lurar på.

Lukke til!